Interjvu med ungdomspastor Tor Bjarte Berge




  • email Tips en venn
  • print Skriv ut
  • Add to your del.icio.us del.icio.us
  • Digg this story Digg this
Juster fontstørrelse: Decrease font Enlarge font
image

Dette intervjuet vart gjort i september 2007 for FrikyrkjeNytts 3. utgave 2007.

Tor Bjarte har fått smakt og kjendt at Herren er god. Han har ein visjon om å sjå folk frelst og bli disiplar. Det er med glede og forventning at han går inn i denne tenesta. 

Tekst: Steinar Barmen   

Tor Bjarte Berge kjenner menigheten godt, for han og familien har vore aktive i Bryne Frikyrkje i mange år. Det starta med at kona, Jorunn, gjekk på Alpha kurs i 1999, og det førte heile familien inn i menigheten.   Ungdomsarbeid er utruleg viktig for ei menighet. Dei unge må ha ein plass der dei vert tekne på alvor og der dei har eit godt fellesskap. Vi er så heldige at vi har ein fin gjeng her hos oss, og dei må vi stelle godt med.  

- Gratulerer med jobben som ungdomspastor. Kva tankar gjer du deg no når du går inn i dette arbeidet? 
- Det er med ei forventing og glede. Eg opplever at eg er klar for dette, og føler både fred og ro for at dette arbeidet er det rette for meg no. Men det er også med spenning eg tek til i tenesta. Eg har ei forventing til at Gud skal få gjere sitt verk gjennom meg og ungdomane. Samstundes opplever eg at Gud har kalt meg, og gitt meg ein motivasjon og pasjon for menigheten og ungdomane. Eg har fått ein brann for Guds rikes sak, og har tru på at det skal skje mykje spennande her i menigheten.
  

- Kva utfordringar ser du for deg at arbeide kan by på? 
- Å, det er mange. Det å arbeide med ungdom er å vere bevist på at ein står i ein samanheng der det er mange som vi ha tak i dei. Det er mange aktivitetar der ute. Ei stor utfordring er å bevistgjere ungdomane på disippelskap, og det å kome inn i denne felles hensikta vi har som kristne, nemleg det å utbreie Guds rike. Det å våge å vere annleis, vil verte meir og meir vanskeleg for ungdomane i dag. Det er ei utfordring å vere ein etterfølgjar av Jesus.    Det er ca 20-25 ungdomar som er innom Frik kvar veke. Det er ein flott gjeng. Tor Bjarte har med seg ei leiargruppe på fire personar. Dette er ei fin gruppe som fungerar bra. Mykje av hovudoppgåva vert å vere saman med desse for å gje opplæring og utrusting, dvs leiartrening, seier Tor Bjarte Berge.  

- Kva framtidsvisjonar har du for Bryne Frikykje og ungdomane her? 
- Visjonen er å sjå folk frelst, fornya og å bli Kristuslike, altså gjere disiplar. Heile Frik-arbeidet går ut på disippelgjering. Dette vil foregå mykje i smågrupper, og noko i utadretta arbeid. Vår felles hensikt er å utbreie Guds rike – forkynne Jesus som konge. Dessutan har eg sjølv i det siste fått ei sterk oppleving av Guds farskjærleik, og eg ynskjer at ungdomane skal få oppleve det same.
  

- Kva vil i hovudsak vere dine arbeidsoppgåver? 
- Fyrst og fremst skal eg vere pastor for ungdomane. Det vil blant anna bestå i å oppmuntre dei, drive med leiartrening, og skape eit godt klima der ein gjer kvarandre gode. Men elles så vil eg forkynne ein del for menigheten.
   Eg er også open for sjelesorgsamtalar. Eg vil vere på kontoret i kyrkja kvar tysdag og torsdag om formiddagen. Dessutan vil eg også vere her på torsdag ettermiddag. Då er det berre å stikke innom og slå av ein prat.  

- Du har nettopp vore på weekend saman med ungdomane. Korleis var det, og er det noko spesielt som du har i tankane etter denne helga? 
- Vi var 12 stk som var på speidarhytta på Veraland i Sandnes 31. august til 2. september. Det var veldig kjekt. Eg set igjen med ei oppleving av at eg er heldig som får jobbe med denne gjengen. Sjølv om eg må gje ein del, så får eg myke tilbake. Og ungdomane er veldig opne, positive og tøffe.
   På ei anna side ser eg at det er store ufordringar for ungdom å vere kristen. Ung og frelst er herleg, men tøft.  

- Du er fortsatt under utdanning. Kan du seie litt om kva det er du held på med og kor langt du er komen? 
-
Eg har halde på med teologistudiet i i fem år. No held eg på med masteroppgåva. Håpar at eg vert ferdig med den til jul.    

- Du har vakse opp i ein kristen heim, og har vore kristen heile livet. Kva betyr det for deg personleg, i kvardagen, at du er ein kristen - ein disippel? 
- Det betyr alt. Eg tek til å verta litt betre kjent med Gud. Livet er bygt på han og hans ord. Eit liv utan han vil vere framand og meiningslaust. Det betyr at når eg har oppturar så gleder eg meg i han. Og når eg har nedturar gleder eg meg i han då og, men på ein anna måte. Du får trøyst, oppmuntring og ny kraft.
  Det siste året har eg fått smakt og kjendt at Herren er god. Gud sin farskjærleik til oss har eg fått merka på ein ny måte. Eg har fått eit nytt bilde av Gud som far, ein far som er enormt raus. Raus med stor R. Han har så veldig mykje godt for oss.  

Herre, kor dyrverdig di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd. Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus, du lèt dei drikka av gledebekken din. For hos deg er livsens kjelde, i ditt lys ser vi lys.Salme 36,8-10.  

- ”For hos deg er livsens kjelde”. Livet med stor L er å finne hos Gud. Det gjer livet vårt innhaldsrikt og spennande. Og det gir oss ei meining når vi nærmar oss han. Vi har ikkje liv utan at vi er i kjelda, seier Tor Bjarte Berge til slutt.

  • email Tips en venn
  • print Skriv ut
  • Add to your del.icio.us del.icio.us
  • Digg this story Digg this

Powered By Enthusiasm